Dette er (dagenDin)

Oppdatert på internett med (dagenDin) CMS
(dagenDin) har eit eige publiseringssystem som gjer det mogleg for kundane våre sjølve å oppdatere websidene vi leverer. Det einaste du treng er internett, brukarnamn og passord. Systemet er svært enkelt å bruke. All administrasjon skjer via ein personleg portal på internett, kalla (dagenDin) CMS. Dette er ein kommunikasjonssentral der dei personane som har administrasjonsansvar får tilgang til å redigere sine websider.Ulike personar kan ha ansvar for ulike deler av websidene.

Informasjonen vert delt inn i ulike modular med kvar sine ferdige skjema for registrering av data. Modulane er under konstant vidareutvikling og vil difor forbetrast etter kvart som det vert bruk for ny funksjonalitet. Vi vil også kunne tilby nye modultypar framover.
Les meir

Interne rutiner/kommunikasjon via (dagenDin) Prosjekt
Det er mogleg å legge til ein prosjektmodul på (dagenDin) CMS. Prosjektmodulen gjer den interne kommunikasjonen i bedrifta enklare og samlande. Når bedrifta er spreidd på ulike avdelingar kan det vere vanskeleg å samle folk til møter og prosjektsamtaler. Det kan også vere vanskeleg å samle informasjon og dokument som skal delast mellom fleire personar. Via ein prosjektmodul vil personar i bedrifta kunne få tilgang på eit felles område der dei kan dele dokument, kalendar og nyhende. Ein kan diskutere, legge arbeidsplanar osv. Dette fungerer som eit webbasert intranett som kan hjelpe å effektivisere arbeidet internt.

I den personlege portalen har du webmail og etterkvart også ein tidsplanleggar og informasjonssamlar. Ein kan skilje personleg og jobbrelatert informasjon på ein enkel måte, men likevel ha ein felles samlingsstad for all denne informasjonen.

Totalt sett vil websida og «intranettet» utgjere ei total kommunikasjons- og informasjonsløysing for bedrifta.

Å samarbeide med (dagenDin)
Vår kunnskap er spesiellt retta mot internett. Hjå oss er det eit mål at kunden faktisk får svar på sine spørsmål, blir opplyst om alternativ, og ikkje minst sjølv føler ein meirverdi av å bruke oss. Difor involverer vi oss gjerne i å tenkje heilskapleg rundt korleis internettløysinga skal fungere for den enkelte bedrifta.