Nyhende

Bildebehandling på web!

(dagenDin) har lansert bildebehandling i vårt publiseringssystem. Dette gjer at administrator for ei webside kan justere bilder direkte i den personlege portalen. Dimensjon, utsnitt, lys og fargar kan enkelt endrast utan at ein treng dyre og avanserte program på si eiga datamaskin.
Bildebehandling
Bildebehandling
Denne nye løysinga er tilgjengeleg for alle som har modulen bildebase tilknytt sine websider. Dette vil seie at våre kundar no har full kontroll på korleis bilder vert presenteret på web. Bilder kan lastast direkte frå digitalkamera til bildebasen. All justering kan gjerast i eitt og same administrasjonssystem.
(dagenDin) vil halde fram å utvikle bildebasen slik at den vert endå enklare å bruke og meir funksjonell for alle våre kundar.

(Sist oppdatert 20.desember 2005, 18:16)

Gå til nyhendearkiv