Nyhende

Sikker kommunikasjon

Av Svein Arild Bergset
(dagenDin) har no implementert krypteringssertifikat på den personlege portalen www.dagenmin.no.
Sertifikatet inneber at all kommunikasjon mellom brukaren sin nettlesar og vår server vert kryptert. Dette gjer at våre brukarar kan vere sikre på at data ikkje kan fangast opp av andre. Krypteringa gjeld for alle tenestene i den personlege portalen: webadministrasjon, prosjektweb, webmail, personleg info.

For våre brukarar gjev dette ein ekstra tryggleik ved bruk av den personlege portalen.

(Sist oppdatert 17.mai 2006, 13:39)

Gå til nyhendearkiv