Nyhende

Forbetra webmail

Av Svein Arild Bergset
(dagenDin) har no forbetra vår webmail kraftig. Styring av vedlegg, kontaktliste, visning av meldingar og kontoinnstillingar er gjort meir brukarvennleg. Det er lagt inn omfattande hjelpetekstar. Vi har også utvikla unik funksjonalitet for deg som er administrator eller prosjektmedlem.
Du kan no lagre filvedlegg direkte frå ein epost og inn i bilde- eller dokumentbasen for websida du administrerar eller prosjektet du er medlem av. Dette gjer det raskt og enkelt for deg som ofte publisedrar bilete som du får i epost.

Det er no enklare å velgje mottakaradresser frå kontaktlista di.
Du kan også definere såkalla feriemelding. Det vil seie at du lagrar ei melding som vert sendt til avsendar av epost dersom du er borte og ikkje kan lese eposten på ei stund. Du kan også velgje å vidaresende all innkomande epost til andre adresser dersom du ynskjer det.

Vi håpar våre webmail-kundar vil ha glede av desse forbetringane.

Ta kontakt dersom du ynskjer tilgang på webmail frå (dagenDin) !

(Sist oppdatert 01.juni 2006, 15:22)

Gå til nyhendearkiv