Nyhende

Betre spamfilter

Av Svein Arild Bergset
Vi har oppgradert programvaren på vår epostserver og har no kraftig forbetra spam- og virusfilter.
Det nye oppgraderte spamfilteret er ei stor forbetring i forhold til det vi har hatt til no. Spam som kjem til din epostkonto blir gradert i 3 nivå etter kor sikkert det er at det er spam.

  • Epost som kjem frå kjende spamkjelder vil bli avvist totalt. Dette utgjer det aller meste av den totale spam-mengda.
  • Dei resterande epostmeldingar blir gradert frå 10 (heilt sikkert spam) til negative verdiar (heilt sikkert ikkje spam). Verdiar frå 5 til 10 er 90% sikkert spam så dei får endra tittel som gjer det enkelt å filtrere dei vekk i epostlesarar.
  • Epostmeldingar med verdi 0 til 5 har 50/50 sjanse for å vere spam så dei vert kun merka med interne kodar for spam-verdien. I avanserte epostlesarar kan også desse filtrerast vekk om ynskjeleg.

Vi håpar desse endringane gjer epost-kvardagen enklare for alle våre kundar.
Ta kontakt om de har spørsmål.

(Sist oppdatert 22.november 2007, 23:36)

Gå til nyhendearkiv